Om Kvast

Anja Aga Ramstad, innehavar av Kvast

Kvast handlar om den fantastiske variasjonen i blomsterverda.

Eit blomsterstudio er ikkje som ein blomsterbutikk; du kan ikkje komme innom og du kan ikkje stå og vente medan eg lagar til buketten. Eit blomsterstudio er ein plass for utforsking, utfordring og evig utviklande design.

Du får unike blomster skreddarsydd til deg og dine behov og ønsker. Om ikkje blomstene kjem frå blomstergarden i Angedalen, kjem dei frå ulike stadar i Europa og ein sjeldan gong frå Mellom- og Sør-Amerika og Afrika.

Det er på tide å finne tilbake til naturen i blomster-design og la blomstene utfolde seg! Derfor finn du ikkje det du vanlegvis ser her. Eg tek meg god tid for at det skal bli perfekt for deg. Når eg designar gjer eg det ut ifrå farge, form og tekstur, med dei mest interessante, unike og særskilte blomstene.

Blomstergleda må delast og eg har stor tru på at blomster gjer ein kvar dag betre. Uansett om du får, gir eller kjøper til deg sjølv. Dei er ei flyktig nyting; dei varer ikkje lenge, men alt blir betre då dei er der.

Kvast er særs opptatt av miljøet og du kan lese meir om min miljøprofil her.