Bryllup

Vigselsbukett

  • Du får ein vigselsbukett skreddarsydd til deg, laga med dei vakraste, beste og unike blomstene

  • Begynner på 3500,-

    Du får brudebuketten levert med band og vase med vatn

Vigselsbukett + knapphullsblomst

  • I tillegg til ein skreddersydd vigselsbukett får de matchande knapphullsblomst til brudgom og eventuelt andre i brudefølget.

  • Brudebukett begynner på 3500,- og inkluderer levering, band og vase med vatn

    Knapphullsblomster begynner på 350,- og inkluderer festeordning og ein enkel boks for å halde blomstene hydrerte fram til seremonien

Bryllupsblomster

  • Kva bryllupsblomstene skal vere bestemmer de som par. Det kan bety blomster i seremonirommet, borddekorasjonar, kakeblomster, hengande installasjonar, fotovegg og mykje meir

  • Minimumspris er 20 000,-

    Dette inkluderer design, bestilling, kondisjonering, frakt, utstyr og behaldarar, opp- og nedpakk

Les meir om bryllup lenger ned på sida

Send ein førespurnad

Framgangsmåte

1. Send førespurnad. Du får ei lenke til å avtale eit Zoom-møte for å begynne å forme visjonen

2. Du får så pris- og designrettleiing. Ei kontrakt + depositum sikrar datoen

3. Ei endeleg gjennomgang begynner 12 veker før bryllupet for å spikre detaljane

Kvifor velge blomster til bryllupet?

Blomster høyrer heime i bryllup og kan lage ei stemning ingenting anna kan. Blomster kan forvandle eit bryllup frå flott til fantastisk til fortryllande. Det viktigaste er at blomstene representerar brureparet og stemninga de ønsker å formidle på denne store dagen.

Å velge og designe bryllupsblomster kan vere overveldande når ein har mykje anna å tenke på og planlegge, noko ein gjerne har før eit bryllup. Derfor kan du skaffe deg ein blomsterdesignar som tar seg av alt av blomster til bryllupet ditt, både før og etter.

Kvast tilbyr vakre og unike blomster som passar til ditt bryllup, med ei miljøbevisst tilnærming til blomsterdesign, overalt i Norge.