Miljøprofil

Kvast:

  • nyttar ikkje blomsterskum (Oasis)

  • nyttar så lite plast som mogleg

  • resirkulerer plast og papir

  • komposterer planteavfall

  • nyttar FSC-papir

  • nyttar gummistrikk som gjenbruk frå blomsterleveransar

  • nyttar bionedbrytbar cellofan i bukettlevering og design

  • nyttar raffia/bast til å knyte bukettar

  • lagar arrangement ved å nytte mose, hønsenetting/kobbarnetting, hårnålhaldar, blomsterfakir og anna gjenbrukbart, i staden for blomsterskum

Kvast er opptatt av miljøbevisstheit og har dette som grunntanke i alle val. I blomsterbinderverda blir det fortsatt tatt val som ikkje støttar miljøet. Blomsterskum er, til dømes, eit petroleumsbasert produkt som ikkje berre slepp ut giftige gassar ved produksjon, men til slutt blir til mikroplast.

Det kjem fleire og fleire produkt på marknaden som gjer det enklare enn nokon gong å velge miljøvenleg, noko Kvast ønsker å fremje.